<aside> ⬇️
Påmelding på bunnen av sida
</aside>
Har du ein song, ein dans, eit musikkstykke eller eit dikt du vil framføre, på ein ekte scene? Eit måleri, foto, skulptur, eller handverk du vil vise fram, i ei skikkelig utstilling?
I sommar inviterer Unikultur og Bjørnafjorden Kulturråd ungdom i Bjørnafjorden (13–20 år) til ein storslått talentkonkurranse under Kulturveko i Os. Dette blir ein plass å vise fram det du brenn for, møte andre kreative ungdommar, og få moglegheita til å vinne økonomisk stipend for å vidareutvikle ditt talent!
Alle i Bjørnafjorden mellom 13 og 20 år som driv med kunst, musikk eller annan kultur – uansett om du er heilt ny, eller har halde på lenge — kan sende ein søknad om å delta.
Du kan melde deg på i to kategoriar:
Vinnarane av talentkonkurransen får eit økonomisk stipend dei kan bruke på å vidareutvikle ferdighetar. Det kan brukast på kurs, workshops, øvingstimar, utstyr og meir! Kven som vinn blir bestemt av juryen, som består av kjente bjørnafjordingar. Det blir kåra ein vinnar i begge kategoriane, og det er også planar om at publikum kan få stemme på sine favorittar.
I tillegg blir det delt ut goodiebags frå Peppes, som inneheld gåvekort på pizza, solbriller, regnponcho og pizzahjul!
Planen er ei forestilling med 7–8 innslag (kanskje fleire), der kvart innslag får opp til fem minutt på scenen. Utstillinga står i nærleiken, slik at publikum kan sjå kunsten før og etter forestillinga.
Kåring av vinnarar skjer ei lita stund etter forestillinga, slik at juryen får diskutert seg imellom.